Rask psykisk helsehjelp opna

Det nye helsetilbodet i Randaberg, Rask psykisk helsehjelp, vart fredag opna av ordførar Kristine Enger.

Innhold

    Ordfører Kristine Enger saman med tilsette, bak f.v. Roy Halvorsen, Mari Rydland og Lesley Ann Assersen.
    Ordførar Kristine Enger saman med dei tilsette, bak frå venstre Roy Halvorsen, Mari Rydland og Lesley Ann Assersen. Klikk for å sjå større bilete.
    Fra åpningen av Rask psykisk helsehjelp i Randaberg kommune.
    Rask psykisk helsehjelp har lokaler i underetasjen i kommunehuset. Klikk for å sjå større bilete.

    Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit tilbod til personar over 16 år med symptom på angst og depresjon av lett til moderat grad. Tilbodet gjeld personar busett i Randaberg kommune.

    Målet med Rask psykisk helsehjelp er å gje eit raskt tilbod, samt hjelp til sjølvhjelp, for å hindre forverring av livskvalitet.

    Fredag opna ordførar Kristine Enger helsetilbodet i dei nyoppussa lokala på kommunehuset. Lokala inneheld både kontor, samtalerom og undervisningsrom.

    Eit tilbod som virkar
    - Dette tilbodet er viktig for svært mange. Dette handlar om hjelp til sjølvhjelp. Her treng ein ikkje tilvising frå lege. Det er nok at ein kjenner på eit behov, og unngår dermed den uendelege ventetida som er krevjande for mange, sa ordføraren under opningsseremonien.

    - Det aller viktigaste er likevel at dette tilbodet virkar. Vi har i dag erfaringar frå liknande tilbod andre stadar. Sola kommune har mellom anna hatt Rask psykisk helsehjelp i eit år allereie, og dei kan vise til gode resultat.

    Tverrfagleg samarbeid er viktig
    I Rask psykisk helsehjelp i Randaberg er det tre tilsette; psykolog, klinisk sosionom og sjukepleiar.

    - Eg vonar at vi blir tatt godt imot ute i bygda og ute i tenestene i Randaberg kommune. So langt har vi kun fått gode tilbakemeldingar og god respons. Mange er positive til tilbodet, sa Lesley Ann Assersen, psykolog og leiar for Rask psykisk helsehjelp.

    - Vi er avhengig av eit godt samarbeid med andre tenester for å gjere dette tilbodet kjent ute, samstundes som vi kan utfylle kvarandre.

    Noregsrekord?
    Under opninga ymta leiaren også frampå om ein mogeleg noregsrekord:

    - Det første kurset vårt er fullbooka, allereie før vi har fått opna lokalet. Kurset startar allereie opp i neste veke.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?