Varen blir namnet på Randaberg kulturscene

Hovudnamnet på Randaberg kulturscene skal vere "Varen". Dette avgjorde politikarane i hovedutval for nærmiljø og kultur (HNK) tysdag kveld.

Innhold

    Bakgrunnen for at kulturscena bør ha eit kort namn, er at eit "særegent navn vil skape identitet, og vil blant annet gjøre markedsføring og profilering enklere".

    Politikarane i HNK har tidlegare avgjort at namn på ny skule og kulturscene skal vere Harestad skule og Randaberg kulturscene. I HNK sitt møte tysdag la rådmannen fram eit tilleggsforslag, der Randen blir hovudnamnet på scena, med Randaberg kulturscene som undertittel.

    Ingen av politikarane likte Randen-forslaget til rådmannen. Dei ville heller at kort-namnet skulle vere Varen, Legå eller Randaberg kulturscene. I den endeleg avstemminga fekk Varen fleirtalet av stemmene. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?