Varen blir namnet på Randaberg kulturscene
Innhold
| Bakgrunnen for at kulturscena bør ha eit kort namn, er at eit "særegent navn vil skape identitet, og vil blant annet gjøre markedsføring og profilering enklere". |
Politikarane i HNK har tidlegare avgjort at namn på ny skule og kulturscene skal vere Harestad skule og Randaberg kulturscene. I HNK sitt møte tysdag la rådmannen fram eit tilleggsforslag, der Randen blir hovudnamnet på scena, med Randaberg kulturscene som undertittel.
Ingen av politikarane likte Randen-forslaget til rådmannen. Dei ville heller at kort-namnet skulle vere Varen, Legå eller Randaberg kulturscene. I den endeleg avstemminga fekk Varen fleirtalet av stemmene.
Fant du det du lette etter?
Takk for din tilbakemelding
Hva forsøkte du å finne?