Vardheim i ny drakt

Kafeen og dagsenteret på Vardheim har fått nye stolar og nye bord.

Innhold

    Du kan låne kafeen og dagsenteret
    - Vi har pussa opp og kjøpt inn nye møbler til kafeen og dagsenteret på Vardheim, seier Siw Diane Myhre Johanson, verksemdsleiar for heimetenestene i kommunen.

    - Det er ein del lån av desse lokala, og vi har difor laga retningsliner og prisar for å leige kafeen og dagsenterlokalet.

    - Dei nye stolane er mykje betre å sitte på. Dei gamle var ganske so slitne, seier Kristi Fossmark (82) og Rakel Enge (87) i kor. Dei to spreke damene har vore flittige gjestar i kafeen i mange år, og likar godt at kafeen har fornya seg.

    Vardheimkafeen
    Elever frå Randaberg vidaregåande skule har ansvar for å servere mat kvar tysdag i kafeen på Vardheim. Bak disken (biletet over) står elev Christoffer Petterson (17) og lærar Marit Breivik Bø.
    Vardheimkafeen, salatbar

    Opningstider og meny
    Vardheimkafeen held ope for publikum tre dagar i veka.

    • Tysdag kl. 11.00-13.00 (lapskaus, salat og kyllingsuppe)
    • Torsdag kl. 11.30-13.30 (komle) 
    • Laurdag kl. 11.30-13.30 (graut)

    Elevar frå Randaberg vidaregåande driv kafeen tysdag, medan tilsette på kjøkkenet på Vardheim gjer i stand og serverer maten torsdag og laurdag.

    Arbeidstrening for elevar
    Drifta av kafeen på tysdager, gir god arbeidstrening for elevar ved Randaberg vidaregåande skule.

    - Vi har omlag 30 elevar hjå oss som går på avdeling for tilrettelagt opplæring. Dette er eit tilbod til dei som treng meir praksis og litt mindre teori, seier oppvekstlærar Marit Breivik Bø ved Randaberg vidaregåande skule.

    - Å tilberede maten og å stå bak disken er god trening for elevane våre. Hovudmålet er å gje dei arbeidstreningstilbod i eit autenstisk miljø, og det får dei her på Vardheim.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?