Språkkafè for første gong

Randaberg folkebibliotek arrangerte tysdag språkkafè i biblioteket sine lokaler.

Innhold

    Vårprogram språkkafeen:
    I biblioteket sine lokaler, tysdagar i partalsveker, kl. 10.30-12.00 alle dagar:
    07. mars, 21. mars, 04. april, 18. april, 02. mai, 16. mai, 30. mai.

    Tilsvarande språkkafè har vore arrangert i Grødem kyrkje i lang tid. Tysdag var første gongen det vart arrangert språkkafè i biblioteket i sentrum.

    Språkkafeen er for dei som ynskjer å lære å snakke betre norsk, og blir arrangert i eit samarbeid mellom biblioteket og friviljuge leseombod.

    Tysdag deltok omlag 20 personar, blant desse "nye nordmenn" frå Syria, Frankrike og Somalia.

    Språkkafè i lokala til Randaberg folkebibliotek
    Eit tjuetals personar deltok på den første språkkafeen i lokala til Randaberg folkebibliotek.

    - Viktig å trene språk
    - Årsaken til at vi startar dette, er at nye nordmenn skal få øve seg i å snakke norsk. På Grødem har dei allereie ein slik kafè, og dette var noko vi også ville prøve ut, seier bibliotekar Tale Østrem.

    Det seier seg mest sjølv: Til fleire arenaer innvandrarar får til å øve seg i det norske språket, til betre vil dei mestre dette.

    - Det er viktig å trene språket, seier Tale Østrem. - Vi har difor knytta til oss fem personar, leseombod, som er med på å arrangere språkkafeen saman med oss, sier Tale Østrem.

    - Neste kafè er tysdag 7. mars.Vi vonar at flest mogeleg ynskjer å delta der.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?