Rekord for Sommarleikane

Fredag vart Sommarleikane i Randaberg arrangert for andre året på rad - i år med rekordoppmøte.

Innhold

    Jarle Nedrebø
    - Det sosiale er viktigast

    - Eg er med her i dag mest for det sosiale, sjølv om det også er kjekt å vinne innimellom, seier Jarle Nedrebø, 55 år, som til dagleg arbeider på Ranso og på Steindal gard.

    - Ein kan ikkje vere best i alt, men i noko, seier han.

    - Den kjekkaste aktiviteten tykkjer eg er boccia. Saman med Randaberg helsesportslag har eg også delteke i ulike boccia-turneringar i vinter. Boccia er ein alle tiders aktivitet.

    Sommerleikane samla i år rekordmange deltakarar. 84 personar var med, enten som heiagjeng på sidelina, eller som deltakarar i ein av dei åtte ulike aktivitetane.

    Leikane er eit arrangement for personar med ei funksjonsnedsetting, og blir arrangert i samarbeid mellom Helse og oppvekst, boligtenesta, og Kultur, fritidsavdelinga, i Randaberg kommune.

    - Det store oppmøtet i år skuldast blant anna at Ranso deltok med tilsette frå begge sine avdelingar, frå Randaberg og frå Sola. I år var vi difor langt fleire enn det første året, seier Dorethe Jensen, verksemdsleiar i bolig- og avlastningstenesta i Randaberg kommune.

    Åtte ulike aktivitetar
    Etter opningstalen ved ordførar Kristine Enger, starta leikane med felles oppvarming, før det gjekk slag i slag med ulike aktivitetar: potetløp, tautrekking, ringspel, dart, kast på hermetikkboksar, kanonball, boccia og svampkast.

    Innimellom det heile vart det servert lunsj inne i Randaberghallen.

    Sommarleikane 2017 vart avslutta med frukt og diplomutdeling.

    Her kan du sjå fleire bilete frå Sommaleikane (Flickr):
    Sommerlekene 2017 Randaberg

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?