Rangering av kulturminnearbeid

Randaberg kommune får seks av ni poeng frå Riksantikvaren for sitt arbeid med kulturminner.

Innhold

    Riksantikvaren si kommunerangering

    Kvart år rangerer Riksantikvaren norske kommunar ut frå tal frå kommunane si rapportering i KOSTRA. Eit av måla med rangeringa er å motivere kommunar til å ta større ansvar for forvaltning av kulturminner. KOSTRA som kjelde er usikker, fordi fleire kommunar ikkje har rapportert på alle spørsmåla. I år er det færre kommunar enn i fjor som har svart.

    Riksantikvaren har rangert kulturminnearbeidet i alle norske kommunar ut frå tal frå kommunane si rapportering i KOSTRA (Kommune-stat-rapportering hos Statistisk sentralbyrå). Det er fjerde gong Riksantikvaren rangerer kommunane sitt kulturminnearbeid.

    I rangeringa frå Riksantikvaren får 15 kommuner i landet toppkarakten ni for sitt arbeid med kulturminner.

    Randaberg får seks poeng, og er dermed rangert som nr. åtte av kommunane i Rogaland, saman med Sauda, Klepp og Sandnes.

    Dette er spørsmåla frå Riksantikvaren:
    a) Har kommunen løyvd pengar til kulturminne/kulturmiljø? (1 poeng)
    b) Har kommunen knytt til seg eigen kulturminnefagleg kompetanse? (2 poeng)
    c) Har kommunen utarbeidd oversikt over verneverdige kulturminne/kulturmiljø? (3 poeng)
    d) Er kulturminne og kulturmiljø forankra i planar og fastsett i juridisk bindande kommune(del) plan? (2 poeng, i planar eldre enn 2005: 1 poeng)
    e) Er det same, eller auke, i talet på dekar som er regulert til vern av kulturminne og kulturmiljø per 31.12? (1 poeng)

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?