Populært med "Barnas grønne dag"

Rundt 700 barn og 150 voksne koste seg under aktivitetsdagen mandag formiddag.

Innhold

    Barnas grønne dag 2017
    Zebra barnehage i aktivitetsløypa i naturparken i Harestadmyra.
    Barnas grønne dag 2017
    Pause for born frå Fjellheim barnehage.
    Barnas grønne dag 2017
    Treffsikre barn i Endrestø barnehage.

    "Barnas grønne dag" blir arrangert kvart år i mai, og er eit samarbeidsprosjekt mellom alle barnehagane i kommunen, helselaget og Livsglede for eldre.

    I år deltok rundt 700 barn og 150 vaksne i arrangementet.

    Årets tema var "Sunnhet, mosjon og livsglede om du er liten, stor eller eldre".

    Aktivitetsdagen for borna og dei vaksne inneheld leik og moro, med ulike aktivitetar spreidd rundt på fotballanlegget ved Randaberghallen.

    Som ein del av aktivitetsdagen arrangerer helselaget også ein eigen turmarsj i området ved Harestadmyra naturpark.

    Turmarsjen inneheld ulike oppgåver til borna på runden rundt Svaletjørna i Harestadmyra.

    Men før borna starta med alle aktivitetane, var det oppvarming med rørsle til musikk - eller "Minirøris" som dei også kallar det.

    Ordførar Kristine Enger opna det heile, saman med Reidun Sirevaag frå helselaget og Ann Kristin Andersen frå Viste barnehage.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?