Plukk plast langs kysten

No er det lettare å rydde strendene for plast. Jæren friluftsråd har satt ut fleire kontainarar langs Jærkysten, to av desse står i Randaberg.

Innhold

    Randaberg kommune betalar for to av kontainarane som friluftsrådet har satt ut i vinterferien, for at folk skal kunne plukke boss langs heile Jærkysten.

    I Randaberg står kontainarane på Sandestranda og på Vistestranda. Her blir dei ståande til 6. mars.

    - Eg oppmodar til dugnad og til at folk plukker boss langs heile kysten, også litt utanfor stranda, sjølv om ein då må frakte plasten til kontainarane, seier ordførar Kristine Enger.

    Les meir om saken her (NRK/Rogaland si nettside)

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?