Nytt regelverk skal gje reinare vassdrag

Endra datoar for spreiing av husdyrgjødsla, skal gje reinare vassdrag på Jæren.

Innhold

    Jæren vatnområde omfattar kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Sandnes, Stavanger og Randaberg. Politikarane i Jæren vatnområde vedtok i desember 2016 å oppmode kommunane i vatnområdet om å stramme inn på spreievindauget for husdyrgjødsel.

    Høyring: Forslaget til ny lokal forskrift er sendt ut på felles høyring i alle kommunane. Les den politiske saken her. Høyringa blir administrert av Jæren vatnområde. Eventuelle merknadar og kommentarar kan sendast til Jæren vatnområde via e-post: postmottak@klepp.kommune.no, eller som brev til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe innan 08.09.2017.

    Forureininga frå landbruket er den viktigaste miljøutfordringa for kommunane på Jæren. Ein risikerer at omlag 70 prosent av vannforekomstane i Jæren vatnområde ikkje når dei vedtatte miljømåla, på grunn av gjødsla landbruksareal.

    Utfordringane med vasskvaliteten i Jærvassdraga, er bakgrunnen for at kommunane på Jæren no foreslår innstrammingar i regelverket.

    I dag kan bøndene spreie husdyrgjødsla frå 15. februar til 1. november. I tillegg er det krav om nedfelling av gjødsla frå 1. september til 1. november.

    Blir forslaget om lokal forskrift vedteke, må all husdyrgjødsel på Jæren vere spreidd før 1. september.

    - Den nye forskrifta vil gje ein meir korekt bruk av gjødsla. Ein større del av den vil bli tatt opp av plantane, i staden for å hamne i vassdrag. Forslaget er difor eit viktig steg i arbeidet for å få reinare vassdrag, seier Anne Grethe Bø Cazón, fagleiar landbruk i Randaberg kommune.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?