Ny personal- og organisasjonssjef
Innhold
Erfaring:
Utdanning:
|
Kristin Bø Haugeland har vore tilsette i Eigersund kommune i snart 13 år. Før det har ho blant anna vore konstituert rådmann i Eigersund kommune og tilsett i ulike stillingar i Rogaland fylkeskommune. Sjå CV i høgre ramme.
Kristin Bø Haugeland overtar stillinga frå Tone Dahl, som går av med AFP (avtalefesta pensjon) 1. april i år.
- I går var det ein litt trist dag, då eg fortalde kollegane mine i Eigersund kommune at eg skulle slutte for å ta over i ny jobb i Randaberg kommune, men no gler eg meg berre. Eg har høyrt mykje positivt om Randaberg kommune som arbeidsgjevar, seier Kristin Bø Haugeland.
I utgangspunktet har ho tre månader oppseiingstid frå si noverande stilling. Kristin Bø Haugeland vil difor starte i Randaberg kommune seinast i månadsskiftet april-mai.
- Sjølv om arbeidsoppgåvene i min nye kommune er mykje likt det eg arbeider med i dag, ser eg fram til å ta fatt i dei utfordringane som måtte vere i Randaberg kommune. Eg er viss på at kjem til å trivast godt i Randaberg, seier Kristin Bø Haugeland.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?