"Make sentrum great again"

Ungdom i Randaberg har denne veka vore på arbeidsverkstad for å gjere sentrum attraktivt.

Innhold

    Katrine Svangtun, Ungrom Randaberg kommune
    Katrine Svangtun, koordinator for Ungrom i Randaberg kommune.
    Ekspertene samla
    Nokre av ekspertane som var henta inn, f.v. landskapsarkitekt Marianne Berge, grafisk designar Øyvind Tendenes, møbeldesignar Tjeran Gjerde og arkitekt Guro Løkeland Hovda.
     Lysmester Martin Holmberg
    Lysdesignar Martin Holmberg frå Oslo var også med som ekspert.

    Arbeidstittelen for arbeidsverkstaden hadde niandeklasse-elevane sjølv kome på: "Make sentrum great again".

    Og til å hjelpe ungdomane under verkstaden var det henta inn eksperter frå ulike fag.

    - I dag har vi med oss arkitekt, lysdesignar, møbeldesignar, grafisk designar og landskapsarkitekt. Saman med ekspertane skal ungdomane forme uterommet i Randaberg sentrum. Her skal vi planlegge, og her skal vi bygge ein god møtestad for ungdomen i Randaberg, seier Katrine Svangtun, koordinator for Ungrom i Randaberg.

    Kreativ ungdom
    Ungdomane var delt inn i grupper, som undervegs i arbeidsverkstaden skulle lage planar for plassen i sentrum.

    Spørsmåla som ekspertane ynskte ungdomen skulle svare på var: Korleis lyssette plassen kreativt? Korleis utforme den grøne profilen på plassen? Korleis kan ein utforme møblar kreativt? og korleis forme ein visuell profil?

    - Følelsane for staden
    - Følelsane ein har for ein stad og kva ein tenker om plassen når ein ikkje er der, er noko av det eg ville utfordre ungdomane på her i dag, seier grafisk designar, Øyvind Tendenes.

    - Det vi gjer her er eigenleg ein del av ein kjempestor arbeidsverkstad. Men vi har funne fram ting her som ungdomane synest er ok å arbeide vidare med.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?