"Make sentrum great again"
Innhold
![]() |
| Katrine Svangtun, koordinator for Ungrom i Randaberg kommune. |
![]() |
| Nokre av ekspertane som var henta inn, f.v. landskapsarkitekt Marianne Berge, grafisk designar Øyvind Tendenes, møbeldesignar Tjeran Gjerde og arkitekt Guro Løkeland Hovda. |
![]() |
| Lysdesignar Martin Holmberg frå Oslo var også med som ekspert. |
Arbeidstittelen for arbeidsverkstaden hadde niandeklasse-elevane sjølv kome på: "Make sentrum great again".
Og til å hjelpe ungdomane under verkstaden var det henta inn eksperter frå ulike fag.
- I dag har vi med oss arkitekt, lysdesignar, møbeldesignar, grafisk designar og landskapsarkitekt. Saman med ekspertane skal ungdomane forme uterommet i Randaberg sentrum. Her skal vi planlegge, og her skal vi bygge ein god møtestad for ungdomen i Randaberg, seier Katrine Svangtun, koordinator for Ungrom i Randaberg.
Kreativ ungdom
Ungdomane var delt inn i grupper, som undervegs i arbeidsverkstaden skulle lage planar for plassen i sentrum.
Spørsmåla som ekspertane ynskte ungdomen skulle svare på var: Korleis lyssette plassen kreativt? Korleis utforme den grøne profilen på plassen? Korleis kan ein utforme møblar kreativt? og korleis forme ein visuell profil?
- Følelsane for staden
- Følelsane ein har for ein stad og kva ein tenker om plassen når ein ikkje er der, er noko av det eg ville utfordre ungdomane på her i dag, seier grafisk designar, Øyvind Tendenes.
- Det vi gjer her er eigenleg ein del av ein kjempestor arbeidsverkstad. Men vi har funne fram ting her som ungdomane synest er ok å arbeide vidare med.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?
