Lærte om datatryggleik

Randaberg kommune inviterte denne veka IT-ekspert Børre Holmberg til å fortelle tilsette om datatryggleik.

Innhold

    - Bakgrunnen for invitasjonen var å gjere alle meir medvitne på kva vi omgir oss med og korleis ein skal te seg i høve dette, seier IKT-sjef Anne Hellvik Kvadsheim.

    IT-ekspert Børre Holmberg frå Evry
    IT-ekspert Børre Holmberg frå Evry.
    IKT-sjef Anne Hellvik Kvadsheim
    Anne Hellvik Kvadsheim, IKT-sjef i Randaberg kommune.

    Dårlege vaner
    - 88 prosent av datainnbrota blir utløyst av slendrian, særleg etter uvøren omgang med berbare pc-ar og mobile lagringseiningar, sa Børre Holmberg. Han la også til at - innleigde konsulentar og partnarar er innblanda i 44 prosent av slike innbrot.

    Med andre ord er det få ein kan stole på.

    - Vi stoler på at IT ordner opp og har kontroll , men slik fungerer det ikkje, sa han.

    Ansvaret ligg hjå brukaren
    - I første omgang må vi auke vår eiga bevisstgjering og flytte ansvaret over på brukaren. Dei fleste bedriftene, inklusiv kommunene, treng å lære betre tryggleik, men tryggleik er ikkje noko du trenar ein gong. Det må trenast jamt og trutt, fordi truslane blir meir og meir sofistikerte og utspekulerte, sa Holmberg.

    - Vi blir stadig utsatt for ondsinna angrep. Randaberg kommune vart sjølv angripen før jul i fjor. Det svakaste leddet er ofte brukarane sjølv, som i god tru klikkar på ein e-post og dermed er skaden gjort, seier IKT-sjef Anne Hellvik Kvadsheim.

    - Med samlinga mandag ynskte vi å gje eit bilete av korleis trusselbiletet ser ut, kva dei tilsette bør vere klar over og korleis ein kan handtere det.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?