Jul på Vistnestunet

Søndag blir det garantert julestemning på Vistnestunet.

Innhold

    Jul på Vistnestunet
    Dag: Søndag 26. november
    Tid: Kl. 11-16
    Les meir på Vistnestunet Facebook.

    - Nytt under årets julemarknad på Vistnestunet er at vi lagar til eit eige kafételt i hagen, der det blir servert risgraut, gløgg, kaffe, lapper og mykje anna. Vi er glade for at Tungenes foto også i år vil vere med. Det er difor mogeleg å bli julefotografert i kjerrehuset på låven, seier Reidun Irene Bjordal, formidlar ved Vistnestunet museumsgard.

    Mange utstillarar
    Julemarknaden samler mange dyktige utstillarar, blant anna sal av saft, syltetøy, lefser, strikk, illustrasjonar, julekort og ting laga av stein.

    Korpset spelar jula inn rundt kl. 12.30.

    - Vi utvider i år, og har juleverkstad også i fjøset, i tillegg til to stadar i heimehuset. Her kan borna lage bivoks-lys, pynte pepperkaker og lage julelenker. Hesten Symona kjem julepynta, og tar med seg store og små på ein tur i kjerra, seier Reidun Irene Bjordal.

    Velkomen til jul på Vistnestunet!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?