Internasjonal helg

Førstkomande helg er det «Internasjonal helg» i landsbyen.

Innhold

    Hanne Tobiassen og Guro Jakobsen fra Randaberg kulturskole.
    Over: Guro Jakobsen (t.v.) og Hanne Tobiassen frå Randaberg kulturskule inviterer laurdag til leik med song, rørsle og instrument. (Foto: RANDABERG FOLKEBIBLIOTEK). Under: Illustrasjon for Internasjonal festdag søndag.
    Illustrasjon Internasjonal festdag

    Her er litt meir informasjon om to kjekke arrangement:

    Laurdag 21. oktober: Bli med inn i dyra sin verden!
    Stad: Randaberg folkebibliotek.
    Tid: Kl. 13.00-14.00.
    Innhald: Hanne Tobiassen og Guro Jakobsen frå kulturskulen tar oss med på leik med songar, rørsle og instrument. Kanskje får vi vitjing frå nokre jungeldyr, som til dømes ei krokodille og ein sjiraff?

    Forestillinga er ein del av biblioteket sitt prosjekt, Kulturell møteplass, og er laga med tanke på at alle skal ha utbytte av forestillinga, uansett kor gode dei er i det norske språket. Forestillinga høver for alle og har gratis inngang. Les meir her.

    Søndag 22. oktober: Internasjonal festdag.
    Stad: Varen Randaberg kulturscene
    Tid: Kl. 12.00-16.00.
    Innhald: Sal av internasjonal og norsk mat, te og kaffe frå ulike land. Underhaldning med song og dans frå ulike kulturar, trommesirkel med Ivar Atle Fjordheim, mange aktivitetar for born og vaksne. Opning ved ordførar Kristine Enger.

    Arrangementet er eit samarbeid mellom Kvinner møter kvinner, kyrkjelydane i Randaberg og kulturkontoret i Randaberg kommune.

    Aktivitetar for born og vaksne: Ansiktsmaling, drageverkstad, hårfletting, hennamaling, Bollywoodfilm i auditoriet, barneleiker frå ulike land, demonstrasjon av treskjering frå Syria, Husfliden lagar hoppetau saman med borna og kunstutstilling frå Island. I tillegg er det ulike standar med informasjon. Det er gratis inngang. Les meir her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?