Internasjonal festdag

Den internasjonale festdagen trakk fullt hus i Varen Randaberg kulturscene søndag.

Innhold

    Mary Høvring
    Over: Mary Høvring (t.h.) frå Kvinner møter kvinner, saman med Eden (t.v.) og Aza fra Eritrea. Under: Anastazja (2) frå Polen får dekorert ansiktet av Flavia frå Rio de Janeiro i Brasil.
     Brasiliansk ansiktsmaling

    På festdagen var det sal av internasjonal mat, kaffe og kaker. Det var aktivitetar for barn, offisiell opning av ordførar Kristine Enger og ulike kulturinnslag frå scena i kulturhuset. Det heile vart leia av Mary Høvring frå nettverket Kvinner møter kvinner.

    Trommeslagar Ivar Atle Fjordheim hadde eigen trommesirkel, som publikum kunne delta på. Populært. Populært var det også med ansiktsmaling, Henna-tatovering, hårfletting og all slags god mat fra mange kantar av verda.

    Det er tredje gong det blir arrangert Internasjonal festdag i Randaberg. 

    - Første gong var i 2011, der vi var saman med Røde Kors, deretter arrangerte vi festdag aleine i 2012, før vi har denne festdagen her i dag, som blir arrangert saman med kulturkontoret og kyrkjelyden i Randaberg, seier Mary Høvring frå nettverket Kvinner møter kvinner.

    - Målet er at innbyggarane og andre får treffe kvarandre, kanskje knyte nye vennskap, smake mat frå ulike verdshjørner og saman delta i ulike aktivitetar. Eg vil tru vi er mellom 20 og 25 ulike nasjonar representert her i dag, seier Mary Høvring.

    Her kan du sjå fleire bilete frå festdagen (Flickr):

    Internasjonal festdag.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?