Har fått tilskot til velferdsteknologi

Randaberg er ein av elleve kommunar som har fått tilskot frå det nasjonale programmet for velferdsteknologi.

Innhold

    Kommunenettverk i Sør-Rogaland
    Desse kommunane er med i velferdsteknologi-prosjektet: Sola, Sandnes, Randaberg, Gjesdal, Time, Klepp, Hå, Egersund, Lund, Sokndal og Bjerkreim.

    - Sola er prosjekteigar, og har den overordna prosjektleiaren, eg skal vere prosjektleiar i omlag 50 prosent stilling for Digitalt tilsyn, som er ein av teknologiane som skal innførast i dei fleste av dei elleve samarbeidskommunane, seier Berit Bergsholm Immerstein, fagutviklar i Helse og oppvekst i Randaberg kommune.

    Les meir om velferdsteknologi i Randaberg:
    Velferdsteknologi

    Prosjektet skal i første omgang gå ut 2018. Les søknad om prosjektmidlar frå kommune-nettverket.

    Sidan 2013
    Det nasjonale programmet for velferdsteknologi har halde på sidan 2013. Fram til i dag er det rundt 30 kommunar som har starta opp ulike typer teknologiar. Desse kommunane har kome fram til fem typer teknologiar som fungerer godt nok til at dei kan byggast ut i kommunane:

    • Varslings- og lokaliseringsteknologi
    • Digitalt tilsyn
    • Elektronisk medisineringsstøtte
    • Pasientvarslingssystem
    • Logistikkprogram for hjemmetjenesten

    Frå før av er digitale tryggleikssalarmar og eLås løysingar som allereier er i bruk i mange kommunar.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?