Guida nytteveksttur med ordføraren

Ordførar Kristine Enger guider søndag 28. mai i ville og planta nyttevekster på Tungenes fyr.

Innhold

    Denne søndagen blir det to guida turer med ordføraren på Tungeneset, kl. 13.00 og kl. 14.30. Det blir smaksprøver frå ordføraren sin eigen løvetannsirup og kvannsirup. Arrangementet er gratis og eignar seg godt både for store og små.

    - Det er svært kjekt å ha nyttevekstvandring på Tungenes fyr. Eg får formidle kunnskap om spiselige ville vekster og gamle kulturplanter, som eg er veldig opptatt av, samstundes som vi er på ein historisk, vakker og fascinerande stad, seier ordførar Kristine Enger.

    Det er andre året på rad Randaberg kommune og Jærmuseet arrangerer ei slik guiding i nærområdet til fyret.

    - I fjor var det på ein regntung søndag. I år satsar vi på eit strålande, flott maivêr. Alle er hjarteleg velkomne, avsluttar ordføraren.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?