Gode råd for bålbrenning

Her er gode råd og reglar for bruk av eld utandørs.

Innhold

    Hugs!
    • All utandørsbrenning skal meldast til naudsentralen før brenning.
    • All brenning i tettbygd strøk skal ein (så langt det er mogleg) unngå.

    Rogaland brann og redning IKS har laga eit skriv om reglar for bruk av eld utandørs. I skrivet ligg det skjema som skal fyllast ut og sendast inn til brannvesenet, slik at dei veit kvar bålbrenninga føregår.

    Reglar for sankhansaften
    Fredag 23. juni er det sankthansaften. Dersom du skal brenne bål denne dagen, må du melde frå til brannvesenet i god tid. Hugs at dersom arrangementet skjer på kommunal grunn, må du også sende søknad til Randaberg kommune. Søknaden skal sendas til avdelingsleiar for teknisk drift, Kristin Sinnes, på e-post: kristin.sinnes@randaberg.kommune.no

    Før du får klarsignal til bålbrenning, må dette vere på plass:
    • Det må peikast ut ein person som er ansvarleg for bålet
    • Bålbrenninga skal ikkje gje risiko for omgjevnadene
    • Bålet skal plasserast på ubrennbart underlag og i god avstand frå brennbar vegetasjon, materialar, bygningar og liknande
    • Det skal berre brennast tørt trevirke- ikkje plast, avfall og liknande
    • Fylte vatnbøtter (eller anna godkjent slokkemiddel) skal vere tilgjengeleg
    • Etter arrangementet skal bålet slukkast forsvarleg (før det blir mørkt)
    • Brannvesenet kan nekte bålbrenninga på grunn av vêrtilhøva
    • Grunneigar må seie ja
    • Arrangør er ansvarleg for at området blir rydda etter bålbrenninga

    Ha ein kjekk sankthansaften!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?