Foto-vinnarar

Randaberg kommune fekk inn meir enn 50 bilete i fotokonkurransen på Instagram i samband med Europeisk mobilitetsveke.

Innhold

    Randaberg kommune deltok i år for første gong i Europeisk mobilitetsuke, saman med 33 andre norske og meir enn 2 400 europeiske kommunar. Hovudtemaet under mobilitetsveka har vore miljøvennleg, smart og felles transport, enten ved at du å går, syklar eller reiser kollektivt.
    Førstepremie i Instagram fotokonkurranse. Foto Unni Larsen
    Tre generasjonar på Vistnestunet. Foto: Unni Larsen. Bileta under er ein skjermdump frå Instagram, emnetaggen #mobilitetsukenirandaberg.
    Fotokonkurranse. Skjermdump frå Instagram

    Vinnar av konkurransen var Unni Larsen, som hadde tatt bilete av tre generasjonar på tur til Vistnestunet musemsgard. (Du kan sjå biletet i ramma til høgre).

    - Kommunen sin fotokonkurranse på Instagram varte frå 8. til 27. september, og vi fekk inn meir enn 50 bilete. Deltakarane i konkurransen tok eit bilete av seg sjølv når dei enten sykla, gjekk eller tok bussen i Randaberg, og deretter la dei biletet ut på Instagram under emnetaggen #mobilitetsukenirandaberg, seier Kristin Sinnes, avdelingsleiar i Teknisk drift. 

    Vinnarane i konkurransen vart tilfeldig plukka ut av ein jury.

    Her er vinnarane:

    • Førstepremie: Unni Larsen, vinnar av el-sykkel levert av Sport 1-butikken i Randaberg. Biletet i konkurransen er tatt på Vistnestunet, der tre generasjonar er på tur.
    • Andrepremie: Hilde Westersjø, vinnar av GoPro-kamera. Biletet i konkurransen er frå ein vakker soloppgang på Grødem, på sykkelen på veg til jobb. Hilde Westersjø skriv: «Tenk om folk flest hadde vore klar over alt det fantastiske som vi som syklar til jobb får med oss på vegen. På dette bilete ein vakker soloppgang på Grødem».
    • Tredjepremie: Kjetil Bø, vinnar av gåvekort frå Sport 1-butikken i Randaberg. Biletet er frå ein av Kjetil Bø sine bussturar.
    • "Trøystepremier": Til Hilde Aksland, Kathrine Harestad og Marianne K Bjørkelund.

    Vi gratulerer alle vinnarane!

    PS: Premiane vart delt ut til vinnarane av ordførar Kristine Enger under Haustmarken.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?