Foreslår biblioteket som nytt røystelokale

Rådmannen tilrår at Randaberg folkebibliotek blir nytt lokale for førehandsrøystinga, ved sidan av servicetorget.

Innhold

    Valdagen for stortings- og sametingsvalget 2017 er mandag 11. september. Randaberg har også valdag søndag 10. september.

    Valstyret i Randaberg kommune, som er identisk med formannskapet sine medlemmer, skal torsdag 27. april fastsette tid og stad for tidlegrøysting og førehandsrøysting under valet denne hausten. Les saksframlegget her.

    Ved tidlegare val har det vore mogeleg å førehandsrøyste kun på servicetorget. Rådmannen meiner at biblioteket også vil vere godt eigna som stad for førehandsrøyster under stortings- og sametingsvalet i september.

    - Auken i talet på røystestader vil gje fleire førehandsrøyster. Randaberg folkebibliotek i Landsbyhuset er eit tilgjengeleg og synleg lokale, midt i Randaberg sentrum, skriv rådmannen i saken.

    Forslaget til rådmannen ser slik ut:

    • Servicetorget blir mottakar for tidlegrøyster (frå laurdag 01.07. til onsdag 09.08).
    • Servicetorget og biblioteket blir mottakar for førehandsrøyster (frå torsdag 10.08. til fredag 08.09).
    • I tillegg kan ein førehandsrøyste på Vistestølen sjukeheim (tysdag 29. august, kl. 9–11) og Vardheim bo- og servicesenter (onsdag 30. august, kl. 9–11).

    Sjuke og uføre kan óg søke om å få avgje stemme heime. Fristen for å søke om dette er foreslått til tysdag 5. september.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?