Fleire søker bustønad

- Randaberg kommune opplever ein stor auke i talet på elektroniske søknadar om bustønad, opplyser Kirsten Knudsen, sakshandsamar i økonomiavdelinga.

Innhold

    Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge boutgifter. Les meir om ordninga her (Husbanken).

    - Auken skuldast truleg dei endringane som er gjort i regelverket som gjaldt frå årsskiftet. I tillegg er det blitt enklare å søke elektronisk, seier Kirsten Knudsen.

    So langt i år er auken i nye e-søknader i Randaberg på meir enn 76 prosent. I Rogaland og landet elles er auken på rett over 50 prosent.

    Enklare å søke
    Frå januar 2017 gjekk Husbanken over til å fastsette bustønad ut frå den faktiske månadsinntekta til søkarane, og ikkje ut frå siste skatteoppgjer, slik reglane har vore før. I tillegg blir bustønaden frå februar i år utbetalt den 20. i kvar månad.

    - Med det nye regelverket blir det enklare å søke bustønad, og du får bustønad for dei månadene inntekta di er låg og du treng støtte, avslutter Kirsten Knudsen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?