Dialogmøte med frivillige organisasjonar

Det skal utarbeidast integreringsplan i Randaberg. Randaberg kommune inviterer difor lag og organisasjonar til dialog om frivillig arbeid og integrering.

Innhold

    - Arbeidet med integrering av flyktningar i kommunen blir i stor grad prega av det flotte arbeidet som blir gjort av frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Dei er viktige samarbeidspartar, både for tilsette i kommunen og for flyktningane, seier Lene Møller Fosen, helsekoordinator for flyktningar, og Bente Monica Reilstad, rådgjevar i Helse og oppvekst.

    Kva får vi bra til i dag, kva vil vi gjere meir av og kva er mogeleg for å gjere kavarandre enno betre? er nokre av spørsmåla dei skal prate seg gjennom under møtet, som er onsdag 3. mai kl. 18-20 i Randaberg Arena.

    Eit av måla med dialogmøtet er å stimulere til at flyktningar deltar aktivt i kvardagaslivet i kommunen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?