Bort med trafikkfarlege rundballar

Statens vegvesen startar 1. juni arbeidet med å fjerne rundballar og landbruksutstyr langs offentleg veg.

Innhold

    Rundballer og landbruksutstyr, som ligg tett opp til offentleg veg, representerer ein stor fare ved utforkøyring. Statens vegvesen sine ulukkesrapportar viser at rundballar lagra langs vegen kan gjere ei utforkøyringsulukke til ei dødsulukke.

    - Det å køyre inn i rundballar er som å køyre inn i ein bergvegg, seier Statens vegvesen i ein pressemelding.

    Lagring av utstyr langs veg er regulert etter veglova. Hovudregelen er at det i ein avstand på 50 meter langs riks- og fylkesveg ikkje er lov å bygge, lagre eller sette noko utan godkjenning frå Statens vegvesen.

    Statens vegvesen startar 1. juni eit systematisk arbeid med å fjerne trafikkfarleg utstyr som er plassert innanfor tryggleikssona. Dei ber difor grunneigarar om å flytte rundballar eller  gjenstander som ligg langs vegen før denne datoen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?