Årets Sjumilsstegs-kommune

Randaberg er årets "Sjumilsstegs-kommune" i Rogaland.

Innhold

    Les meir om....
    Ungdomskonferansen i Randaberg 2017
    I Randaberg kan ungdom seie meiningane sine - og dei blir høyrd. Her frå Ungdomskonferansene i mai 2017.

    I satsinga "Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland" er 15 kommuner med, i tillegg til Rogaland fylkeskommune.

    - Dette prosjektet handlar om å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, og sikre at barn sine rettar blir løfta opp i alt arbeid i kommunen. Sjumilssteget er også ei nasjonal satsing, men fylka arbeider ulikt, seier Anita Olufsen, rådgjevar og prosjektleiar for "Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland" hjå Fylkesmannen i Rogaland.

    Barnekonvensjonen blir synleggjort
    - Randaberg har utmerkt seg med fleire tiltak på ulike nivå, også på overordna plannivå – der Barnekonvensjonen er løfta og verkeleggjort. Spesielt er artikkel 12, om barn sin rett til å seie meininga si, blitt synleggjort, seier Anita Olufsen.

    - Gjennom nettsida dykkar, og via filmar og artikler, har fylkesmannen fått eit godt innblikk i arbeidet som blir gjort i Randaberg. Og dette arbeidet har vore til stor inspirasjon for andre Sjumilsstegs-kommunar.

    - Til inspirasjon og motivasjon
    Det er andre gong fylkesmannen har peika ut årets kommune i dette prosjektet. I fjor var det Gjesdal sin tur. Som årets Sjumilsstegs-kommune, delte nyleg Randaberg av sine erfaringer på den årlege Oppvekstkonferansen.

    - Arbeidet i Randaberg i sjumilsstegssatsinga er til inspirasjon og motivasjon for andre. Kommunen konkretiserer arbeidet med barnekonvensjonen på ein god måte, og det er viktig for oss å få løfta fram desse gode døma, avsluttar Anita Olufsen.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?