898 har røysta på førehand

So langt har snart 900 personar førehandsrøysta i Randaberg kommune.

Innhold

    Sigurd Helgeland skal røyste på Vardheim. Anne Hagen frå Dokumentsenteret i døra.
    Sigurd Helgeland på veg inn i røystelokalet på Vardheim. Valfunksjonær Anne Hagen frå Dokumentsenteret loser 86-åringen inn døra.

    I perioden frå 10. til 30. august har Randaberg kommune tatt imot 898 førehandsrøyster. Av desse hadde servicetorget mottatt 381 av røystene, medan Randaberg folkebibliotek talde 398 røystesetlar. 

    Valdag på Vardheim
    Onsdag i denne veka var det valdag på Vardheim bofellesskap. 20 av bebuarane nytta høvet til  å førehandsrøyste her.

    Sigurd Helgeland (86), opphaveleg frå Karmøy, var ein av dei som deltok.

    - Eg skal røyste Kristeleg Folkeparti, seier han før han går inn i valrommet. - Kristeleg Folkeparti er mitt parti, og er det partiet eg har røysta på heilt frå første gongen eg deltok i val. Sigurd fortel også at han tidlegare, på 50- og 60-talet, sat eit par periodar i formannskapet og kommunestyret for KrF i Karmøy kommune.

    NB: Perioden for å førehandsrøyste går fram til og med fredag 8. september. I Randaberg kan du førhandsrøyste på Randaberg folkebibliotek og på servicetorget på kommunehuset. Godt val!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?