36,1 prosent med digital postkasse

- Sjølv om vi ikkje nådde målet om 40 prosent digitale postkassebrukarar ved årsskiftet, er vi nøgd med innsatsen til Randabergbuen, seier Tormod Wilson Losnedal, prosjektleiar for den digitale postkassekonkurransen i Randaberg kommune.

Innhold

    Randaberg klarte heller ikkje å slå naboane i denne uhøgtidelege konkurransen.

    Ved årsskiftet hadde Randaberg kommune 36,1 prosent digitale postkassebrukarar, 1,10 prosent bak Sola, 0,30 bak Sandnes og 1,30 bak Stavanger kommune.

    - Uansett, frå vi starta konkurransen i sommar og til no, har vi auka delen av digitale postkassebrukarar i kommunen med meir enn 14 prosent. Det er imponerande i seg sjølv, seier Tormod Wilson Losnedal.

    Statistikken ser slik ut:

    2016 Mars Mai Juli Sep Okt Nov Des
    Randaberg 18,28 19,95 21,66 34,00 26,50 35,10 36,10
    Sola 20,39 22,10 23,23 25,50 27,90 36,20 37,20
    Sandnes 19,79 21,44 22,75 25,00 27,90 35,40 36,40
    Stavanger 21,19 23,08 24,22 26,00 28,00 36,40 37,40

    Dersom du er i tvil om du skal bli digital postkassebruker, kan du gå inn her (Difi) for å få svar på noko av det du måtte lure på.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?