- Ein fantastisk stad!

- Ein fantastisk stad, og eit fantastisk tilbod, seier leiar Dorethe Jensen i Randaberg kommune om det nye dagaktivitetsenteret som torsdag vart åpna av ordførar Kristine Enger.

Innhold

    Snorklipp for nytt dagaktivitetssenter i Torvmyrveien 4D
    Snorklipp for nytt dagaktivitetssenter. Ordførar Kristine Enger fekk god hjelp av Håvard Sandve (t.v.) og Agnar Pedersen.
    Dorethe Jensen, verksemdsleiar for Bolig og avlastningstenester
    Dorethe Jensen (i midten) et kake saman med Håvard Sandve t.v.) og Astrid Torfrid Raustein.

    - Vegen hit har vore lang. Det er difor ei stor glede å sjå at det har vorte eit flott dagaktivitetssenter her i Torvmyrveien, sa ordførar Kristine Enger under opninga torsdag.

    Tilrettelagde aktivitetar
    - Dagsenteret er eit tilbod til personar som har ulike hjelpebehov og som ikkje kan dra nytte av ordinært arbeid. Her gir vi tilrettelagde aktivitetar, som er med på å gi brukarane ein meiningsfull kvardag, seier Dorethe Jensen, verksemdsleiar for Bolig og avlastningstenester i Randaberg kommune.

    Torsdag opna ordførar Kristine Enger det nye aktivitetssenteret. Tidlegare år har dagsenteret hatt tilhald i Vistnesveien. Brukarane i Randaberg kunne ta i bruk det nye senteret allereie 1. mars.

    Dagaktivitetssenteret har 11 brukarar og 7 tilsette.

    Dei fleste brukarane av aktivitetssenteret bor i ulike bueiningar i kommunen, og personalet som fylgjer opp brukarane er dei same personane som dei har i bueiningane.

    - Ein god kvardag
    - Det er viktig at brukarane våre får gode rutiner og har noko fast å gå til. I dagaktivitetssenteret inngår dei i eit sosialt samver, som er kjempeviktig, fordi det gjer noko med identiteten deira som igjen gir ein god kvardag, avsluttar Dorethe Jensen. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?