Ungdomskonferanse 2016

Barn og unge sitt kommunestyre (BUK) inviterer politikarar frå kvart av dei politiske partia i kommunen til ein lokal ungdomskonferanse i juni i år.

Innhold

    Sjumilssteget
    Våren 2014 inviterte Fylkesmannen i Rogaland kommunane til å vere med på den nasjonale satsinga "Sjumilssteget - for en god oppvekst". Randaberg kommune deltok frå hausten 2014, og alle tenesteområda i kommunen er involvert på ulikt nivå. Målet med Sjumilssteget er bl.a. å:
    • Gjennomføre FN sin barnekonvensjon i kommunen
    • Sette barn og unge sine oppveksttilhøve på den politiske dagsordenen
    • Bidra til heilskapleg innsats for barn og unge

    Ungdomskonferansen har som mål å få ungdom i kommunen til å formidle eigne erfaringar og meiningar - om korleis dei opplever sin eigen kvardag.

    Hending: "Ungdomskonferanse 2016"
    Dato: Torsdag 2. juni 2016
    Tid: Kl. 09-11
    Stad: Kyrkjestova, sentrum

    Barn og unge sitt kommunestyre vonar at dei folkevalde, gjennom det dei får høyre på konferansen, bidrar til å utvikle ein enno betre barne- og ungdomspolitikk i kommunen.

    Rolla dei vaksne politikarane får denne dagen er kort og godt dette: å lytte, og vonaleg ta med seg innspela vidare.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?