Storsamling for Utsteinkommunane

Onsdag 6. april møtast dei fire kommunane Rennesøy, Finnøy, Kvitsøy og Randaberg til storsamling på Meieriet, Kulturhuset i Vikevåg.

Innhold

    "Utstein kommune" er arbeidstittelen på eit prosjekt og eit samarbeid mellom dei fire nabokommunane Rennesøy, Kvitsøy, Finnøy og Randaberg. Som ledd i arbeidet med å greie ut og vurdere mogelege endringar i gjeldande kommunestruktur, ynskjer dei fire kommunane å gjennomføre naboprat.

    Les meir om kommunesamarbeidet på  www.utstein.kommune.no.

    Invitert til samlinga er formannskapsmedlemmene (inklusiv første varamedlem), gruppeleiarane for dei politiske partia og hovudtillitsvalde som representerer fleire tilsette.

    Tidsramma for storsamlinga i Rennesøy er kl. 09.00–13.30.

    Målet med samlinga
    Samlinga skal vere ein del av ein samla og effektiv arbeidsprosess fram mot ein intensjonsavtale. Ved å samle fleire sentrale politikarar og hovudtillitsvalde i kommunane, kjem det opp fleire innspel og synspunkt til arbeidet med to viktige tema i intensjonsavtalen.

    Dagsorden
    1) Velkomen, v/Dagny Sunnanå Hausken, ordførar i Rennesøy kommune
    2) "Kva er målet med denne dagen og og korleis er dagen lagt opp?", v/Kristine Enger, ordførar i Randaberg kommune og Tor Øyvind Skeiseid, ekstern møteleiar (Ryfylke Livsgnist)
    3) Hovudtema 1: "Felles visjon og verdiar, tilhøyre, kultur og identitet". Gruppearbeid med oppsummering.
    4) Lunsj
    5) Hovudtema 2: "Ein ny kommune sett i eit arbeidsgjevarperspektiv". Kort innleiing v/Tone Dahl, personal- og organisasjonssjef i Randaberg kommune. Gruppearbeid med oppsummering.
    6) Avrunding.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?