Statsborgarseremoni i Stavanger konserthus

På laurdag inviterte fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa nye statsborgarar til ein flott seremoni i Stavanger konserthus.

Innhold

    Statsborgarseremoni
    Ordførarar og varaordførarar på scena i Stavanger konserthus under statsborgarseremonien (Foto: Ivar Langvik/Fylkesmannen i Rogaland)

    191 nye statsborgarar frå 19 kommunar i Rogaland, i lag med familie og vener, deltok på festen i Stavanger konserthus, Kuppelhallen 4. juni. Dei 191 nye statsborgarane kjem opphavleg frå 53 ulike nasjonar, dei fleste frå Filippinene, Thailand, Eritrea og India.

    I den årlege seremonien, som Fylkesmannen i Rogaland arrangerer, markerer ein at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet.

    Høgtideleg feiring
    Det var ei høgtideleg feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leia seremonien. I tillegg var det helsingstalar ved både Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn, Hamidullah Amiri, leiar for Sandnes innvandrarråd – og Halwan Ibrahim som er assisterande regiondirektør i IMDi Vest.

    Årets hovudtalar var Safia Abdi Haase. Ho kom som flyktning frå Somalia til Noreg i 1992. Den gongen var ho åleinemor til tre små jenter, analfabet og sto på bar bakke. I dag er Haase utdanna sjukepleiar og ein av landet sine leiande ekspertar på kjønnslemlesting – og ein ettertrakta foredragshaldar. I 2014 blei ho heidra med St. Olavs Orden for det mangeårige arbeidet mot vald mot kvinner, eit arbeid der ho alltid har vore open rundt eigne opplevingar med vald og alvorlege overgrep.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?