Skape hjelper gründere

Skape tilbyr kurs og rettleiing for dei som ynskjer å starte firma - også til Randabergbuer som går med ein liten eller stor forretningsidè i magen.

Innhold

    Skape sitt introduksjonskurs gir ei kort innføring (3 timar) i oppstart av eiga bedrift. Hovudtema i kurset er forretningsplan, val av selskapsform, registrering av firma og personleg motivasjon.

    Etablererkurset (42 timar) gir auka kunnskap og innsikt i det å starte firma. Hovudtema i kurset er forretningsidé, situasjonsanalyse, val av selskapsform, økonomi og lønnsemd, markedskommunikasjon og handlingsplanar.

    Skape er partnarskap mellom statlege styresmakter (Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Rogaland og NAV), kommunane i fylket og Rogaland Fylkeskommune.

    Nytilsatt dagleg leiar, Suzanne de Kok Selstad, vitja tidlegare i veka Randaberg kommune - der ho møtte ordføraren, rådmannen og leiaren for Randaberg Landsbyforening til samtale.

    - Mange har ein draum
    - Det er mange som sit med ein god idé og draum om å skape si eiga bedrift. Trass i dette kan det vere vanskeleg å få realisert draumen, fordi ein ikkje veit kven ein bør snakke med, eller at ein trur det vil vere nesten umogeleg å skape sin eigen arbeidsplass, seier Suzanne de Kok Selstad.

    Det er her Skape kjem inn: dei samlar og systematiserer informasjonen, slik at det blir lettare for gründeren å finne fram.

    - Dersom du går med en liten ìde om å skape di eiga bedrift, då kan du ta kontakt med oss i Skape. Vi tilbyr ulike kurs, som gjev informasjon om det viktigaste du treng å vite for å starte ditt eige føretak, seier de Kok Selstad.

    Ho legg til at slik som markedet no er blitt, må fleire tenke nytt.

    - Det er veldig spanande og gjevande å få lov til å stå på sidelina og sjå at det blir etablert fleire selskap i Rogaland, eller at vi kan bistå dei som kan tenke seg å stare sitt eige selskap.

    - Skape kan hjelpe den enkelte til å bli sin eigen sjef, der ein avgjer alt sjølv - og so kan det godt hende at dette går veldig bra til slutt, seier Skape-sjefen, Suzanne de Kok Selstad.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?