Skal bli meir demensvennleg

Randaberg kommune har inngått avtale med Nasjonalforeininga for folkehelse om å arbeide for å bli eit meir demensvennleg samfunn.

Innhold

    Lanseringa av avtalen om eit meir demensvennleg samfunn er mandag 11. april, frå kl. 10 til 11. Randaberg kommune markerer dette med ein pressekonferanse i kommunestyresalen på kommunehuset. Ordførar Kristine Enger deltar, saman med blant andre Olaug Kvalstad, dagleg leiar for Nasjonalforeininga for folkehelse, avd. Rogaland og Vest-Agder, Elisabeth Moe,
    leiar for arbeidsgruppa i Randaberg kommune, og Svein Sørnes, leiar i Landsbyforeningen.

    Pressekonferansen går i tillegg direkte på Randaberg kommune sitt web-tv.

    - Eit mer demensvennleg samfunn, handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Gjennom at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettare å leve med sjukdomen og resultatet vil bli eit vennlegare samfunn for alle, seier Elisabeth Moe, fagutviklar i Helse og oppvekst i  Randaberg kommune.

    I dag lever meir enn 77 000 nordmenn med ein demenssjukdom. Over 40 prosent av dei som er over 70 år og får heimetenester, har demens. Randaberg er ikkje noko unntak.

    Delta i kvardagsaktivitetar
    - Målet med eit demensvennleg samfunn er å tilrettelegge lokalmiljøet, slik at også personar med demens kan delta i vanlige kvardagsaktivitetar.

    I dag har 33 kommunar i landet inngått avtale med nasjonalforeininga, og Randaberg blir frå neste veke av kommune nr. 34 - og nr. 3 i Rogaland, etter Sandnes og Haugesund.

    Til å hjelpe seg i arbeidet med å spreie kunnskapen om kva demens er, og korleis ein kan gje god service til personar med demens, er det starta samarbeid med Landsbyforeninga for næringsdrivande i kommunen. I tillegg vil kommunen sine eigne tenester, som biblioteket, NAV og servicetorget, få naudsynt opplæring.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?