Ryddeaksjon langs strendene

Frå 14. mars til 30. april 2016 skal det ryddast langs strendene - frå Ogna i Hå til Sandestranda i Randaberg!

Innhold

    Les meir her

    Det er tredje år på rad Jæren Friluftsråd inviterer til dugnad for å plukke søppel og plast vekk frå Jærkysten. I fjor deltok over 1 000 friviljuge i 40 ulike ryddeaksjonar, og til saman vart det rydda bort 15 tonn boss.

    - Aksjonen er eit viktig tiltak for miljøet, fugle- og dyrelivet og vår eiga oppleving av å ferdast i reint kystmiljø, seier Øystein Dahle (biletet under til høgre), dagleg leiar i Jæren Friluftsråd.

    Øystein Dahle, dagleg leiar i Jæren FriluftsrådAlle kan vere med
    Friluftsrådet inviterer lag og organisasjonar, skular eller andre grupper til "Ryddeaksjon Jærkysten".

    - Friluftsrådet spanderer søppelsekkar og hansker, og køyrer bort bosset etter at det er rydda. Ryddinga kan skje på dagtid, kveldstid eller helg, seier Øystein Dahle.

    Ta kontakt for å melde deg på
    Ta kontakt for avtale om ryddeområde og ryddetid. Send melding til Magnus Utsogn, e-post: magnus.utsogn@jarenfri.no.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?