På plass i Randaberg Arena

Omlag 60 tilsette i Helse og oppvekst og Skule har flytta inn i nye lokaler i Randaberg Arena. 21. januar er det offisiell opning av lokala.

Innhold

    Desse tenestene har flytta inn i Randaberg Arena:
    • Interkommunal PP-tjeneste for Randaberg og Rennesøy
    • Barneverntenesten for Randaberg, Rennesøy og Finnøy
    • Helsestasjonen
    • Fysioterapi og ergoterapitenesten
    • Avdeling for tensteplanlegging
    • Kommuneoverlegen 
    • Adm. for skule, helse og oppvekst og barnehage

    - Bygget var forsåvidt ferdig på dato, 18. desember i fjor, men det er framleis nokre småting som står igjen og som må ordnast, blant anna AV-utstyr, litt dekor og skjerming, men vi er i høgste grad operative, sier Hopp-sjef Svein Olav Kristensen, der han viser rundt i dei lyse og trivelege lokala.

    Resepsjonen i nybyggetOffisiell opning
    Torsdag 21. januar er satt som dato for den offisielle opninga av bygget.

    - Då vil fleire ting vere på plass, og bygget vere meir presentabelt. Vi vonar at både interne og eksterne gjestar kan ta seg ein tur hit den 21. januar, slik at dei kan sjå kor flott vi då har fått det, seier Svein Olav Kristensen - som i videointervjuet under fortel om det gode samarbeidet med Folkehallene.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?