Opning av Tungenesveien

Torsdag 28. april vart den nye gang- og sykkelvegen offisielt opna.

Innhold

    Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal stod for offisiell opning av gang- og sykkelvegen, godt hjulpe av Kristine Enger, ordførar i Randaberg, Astrid Eide, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, og Harald Bøhn, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

    Omlag to kilometer ny gang- og sykkelveg er bygd på fylkesveg 480, frå Sande barnehage til Tungevågen. 

    Dette er bygd:

    • 1,9 kilometer med gang- og sykkelveg med 3,5 meter breidde
    • Ny parkeringsplass i Tungevågen for Randaberg kommune
    • Nye vatn- og avløpsleidningar for Randaberg kommune
    • Rabatt/grøft på to meter mellom køyreveg og gang- og sykkelveg
    • Ein fe-undergang (ved Sande barnehage)

    Bygging av gang- og sykkelveg starta i mars i fjor. Entreprenør har vore Br. Thorkildsen. Framleis står det att litt småplukk på vegen her og der, men i løpet av mai månad skal vegen vere ferdig.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?