Møte for frivillige til "Inn på tunet"-dagsenter

Randaberg kommune sitt møte for frivillige i samband med "Inn på tunet"-tiltaket på Steindal Gard, er onsdag 10. februar kl. 14 i kafeen på Vardheim.

Innhold

    Det nye tilbodet på Steindal Gard startar 25. april, og skal vere eit dagsenter for mennesker med demens som kan delta på garden sine mange aktivitetar.

    Det er tilsett eigen demenskoordinator i Randaberg kommune, Camilla Svela, som blir sentral når tilbodet «Inn på tunet» startar seinare i vår.

    - Demenskoordinatoren vil vere ein som pårørande eller andre kan spørre, for å få råd og rettleiing om den demenssjuke og kva tilbod ein kan finne, både for pårørande og den sjuke, seier Siw Diane Myhre Johanson, verksemdsleiar for heimetenesta i Randaberg kommune.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?