Massiv motstand mot asylmottak

Naboane viste onsdag kveld sin klare misnøye til planane om eit tenkt asylmottak på Viste Strandhotell.

Innhold

    Informasjonmøte om asylmottak på Viste StrandhotellI lokala til Viste Strandhotell var det stuvande fullt, enkelte snudde endåtil i døra før møtet tok til på grunn av plassmangel.

    Under informasjonsmøte orienterte regionsjef Sissel Mehammer frå UDI og administrerande direktør Tor Brekke frå Hero Mottak AS om planane for asylmottaket. I tillegg var det satt av god tid til spørsmål frå salen. Rådmann Magne Fjell var møteleiar.

    6,5 årsverk på dagtid
    Planane for mottaket er at det skal ha plass til 150 personar. 95 av desse skal bu på hotellet, medan dei resterande 55 skal busettast rundt om i bygda. Randaberg mottaksssenter skal ha 6,5 årsverk stillingar på dagtid, i tillegg til vaktordning utanom ordinær arbeidstid.

    Planlagte stillingar er mottaksleiar, sosialkonsulent, informasjonskonsulent, vaktmeister og miljøarbeidar (alle i 100 prosent stilling), i tillegg til økonomikonsulent (80 prosent stilling) og tiltakskonsulent (70 prosent stilling).

    Hero Mottak AS driv i dag 12 888 mottaksplassar i 54 kommunar.

    Kommunestyret avgjer torsdag kveld
    Torsdag kveld seier kommunestyret ja eller nei til asylmottak i lokala til Viste Strandhotell. Møtet kan du fylgje direkte på Randaberg kommune sitt Web-TV frå kl. 18.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?