MaiJazz i Randaberg

Tysdag 3. mai opnar årets MaiJazz. I Randaberg er det to konsertar seinare i veka, på Tungenes fyr og i Landsbyhuset.

Innhold

    I 2016 blir MaiJazz arrangert for 28. året, med Randaberg kommune som ein aktiv samarabeidspart. Dette skjer i Randaberg i MaiJazz-veka i Randaberg:

    Torsdag 5. mai kl. 20.00, "Hanne", Tungenes fyr
    Hanne, eller Hanne Vasshus, er eit kjent namn i kultur-Stavanger. Etter å ha brukt mykje tid på musikkscener, også teaterscener, har endeleg Vasshus store planar som artist. 2016 starta på beste vis, då ho vart utnemnd som ”Årets Stavangerkunstner” av Stavanger kommune. Under konserten på Tungenes fyr kjem ho med Vasshuskvartetten, saman med Erlend Aasland, Simen Ytre–Arne og Ådne Sæverud. Det blir noko nytt, noko blått og noko lånt.

    Laurdag 7. mai kl. 13.00, "Jen Brun & The Hattmakers", Landsbyhuset
    Gruppa får alltid små og store danseføter i sving, med friske gjendiktningar av låtar til James Brown, Prince, Aretha Franklin og Jimi Hendrix. Musikarane er: Mads Berven (vokal, gitar), Kai Taule (bass, kor), Tore Ljøkelsøy (trommer, kor) og Erlend Slettevoll (Rhodes piano).

    Billettar
    Billettar til MaiJazz sine konsertar kan du kjøpe via Stavanger Konserthus eller Billettportalen. Billettar blir også seld ved inngang på dei ulike konsertstadane.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?