Klipp hekk og busker

Det er snart skulestart, og Randaberg kommune ynskjer at alle skuleborn kjem seg trygt til og frå skulen.

Innhold

    Korleis bør hekken sjå ut?
    Maks ein halv meter høg hekk:
    Når du står fire meter inn i avkøyringa di skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyringa.

    - Det er viktig for alle som har vegetasjon som grensar mot veg og fortau, at denne blir klipt og stussa no etter sommaren. Busker og planter har vakse godt denne sommaren, og mange stadar heng det utover vegar og på fortau, seier Kristin Sinnes, avdelingsleiar i Teknisk drift i Randaberg kommune.

    God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som krysser avkøyringar.

    - Og sjølv om vi gjer vårt beste for å feie for eiga dør, eller klippe for eigen hekk, skjer det at kommunen sjølv må minnast på at vegetasjonen langs vegar og fortau må klippast. Du kan melde frå om dette til oss via servicetorget, tlf. 51 41 41 00, eller via e-post: servicetorget@randaberg.kommune.no.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?