Intensjonsavtalen er signert

Fredag signerte ordførarane i kommunane Rennesøy, Finnøy, Kvitsøy og Randaberg intensjonsavtalen for å etablere Utstein kommune.

Innhold

    Utstein kommune:

    Nabosamtalane mellom dei fire kommunane starta 29. februar i år. Og i løpet av dei fire vekene arbeidet har pågått, har dei klart å forhandla fram ein intensjonsavtale med mål og prinsipp om å etablere Utstein kommune.

    Før signeringa av dokumenta (dei fire kommunane fekk kvart sitt dokument), fekk ordførarane høve til å seie litt om samarbeidet (PS: I Web-TV-sendinga får du med deg alt som vart sagt).

    Mirjam Ydstebø (felleslista KRF/Frie Borgerlige, Kvitsøy):
    - Alle har bidratt konstruktivt, og alle har gjort ein kjempegod jobb gjennom ein krevjande og effektiv prosess. Vi har landa ein intensjonsavtale og eit vedlegg i løpet av fire effektive veker. Vi kan gje kvarandre eit klapp på skulderen, alle saman. I Kvitsøy har vi to alternativ vi skal spørre innbyggarane om; Utstein eller aleinegang, No har vi ein jobb å gjere framover med å informere folket om begge desse alternativa.

    Signering av intensjonsavtale
    Lattermildt før signeringa, f.v. Kristine Enger, Mirjam Ydstebø, Tor Bernhard Harestad, Dagny Sunnanå Hausken, Henrik Halleland og Anfinn Rosnes (fylkesmannen).
    Signering av intensjonsavtale
    Gode handtrykk blant gode naboar, f.v. Dagny Sunnanå Hausken, Henrik Halleland, Mirjam Ydstebø og Kristine Enger (delvis skjult).

    Henrik Halleland (KrF, Finnøy):
    - Eg må seie dette har vore interessant. Uansett utfall av kommunreformen, vil dette ha noko for seg. Uansett skal og må vi samarbeide vidare som kommunar og som ordførarar, alle firer. I Finnøy har vi hatt eit ope sinn i kommunereformen. Vårt utgangspunkt har vore å prøve å finne dei løysingane som er best for innbyggarane våre. Eg er difor glad for at vi kan legge fram dette alternativet. Det er óg ei kjennsgjernig at vi har gåande ein prosess til, som vi skal lande saman med Stavanger. 

    Dagny Sunnanå Hausken (Sp, Rennesøy):
    - Rennesøy vil legge fram dette alternativet, saman med Stavanger-alternativet eller aleinegang, under folkeavstemninga 1. juni. Det er no opp til innbyggarane å finne ut kva dei vil foretrekke. Det er fordelar og ulemper med alle alternativa. Denne avtalen viser litt av fellesskapet vi har saman. Uansett utfall, vi er gode naboar som har blitt betre kjent og som vi skal samarbeide godt vidare med.

    Kristine Enger (Ap, Randaberg): 
    - Eg er imponert over alle, som på kort tid, fire veker, har fått til ein avtale. Og til å vere ein intensjonavtale, er den god og konkret og gir eit godt bilete av korleis Utstein-alternativet kan bli. Det som skjer vidare i Randaberg, er at denne avtalen skal forankrast i kommunestyret og leggast til grunn for folkehøyringa - ei innbyggarundersøking i første veka i juni. For oss og Kvitsøy er Ulstein-alternativet det einaste alternativet til å vere eiga kommune. Utstein kommune er vårt alternativ til storbyen, ein landleg randkommune med snart 20 000 innbyggarar. Storleiken på Utstein vil også vere den storleiken som ekspertutvalet har tilrådd for nye kommunar. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?