"Inn på Tunet" med åpent hus

Fredag var det åpent hus på det nye dagsentertilbudet "Inn på Tunet" i Randaberg.

Innhold

    - "Inn på Tunet"-tilbodet har tilhald på Steindal Gård og skal gje plass til heimebuande som har ein kognitiv svikt, og som kanskje har fått ein demensdiagnose og difor treng å kome seg litt ut, seier Siw Diane Myhre Johanson, verksemdsleiar i Heimetenestene i Randaberg kommune.

    Sju personar, fire dagar
    I tilbodet skal det - når det har gått seg skikkeleg til - delta sju personar, fire dagar i veka. Det er to tilsette i ordninga, som begge vil vere på garden kvar dag saman med deltakarane.

    - Vi startar tilbodet forsiktig med tre-fire personar kvar dag, for vi må gå oss til, seier Myhre Johanson, som legg til at alle aktivitetane på garden vil vere tilpassa den enkelte sitt mestringsnivå.

    - Det handlar om å mestre dei aktivitetane som er her på garden. Tilbodet rettar seg difor også til dei som har eit greit fysisk funksjonsnivå, slik at dei kan delta i aktivitetane mest mogeleg på eigahand. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?