Har bygd skule og kulturscene i Minecraft

Vegard Steinnes og Fredrik Larsson-Fedde på sjuandetrinnet på Harestad skule har gjort eit imponerande stykke arbeid med å digitalisere ny skule og kulturscene.

Innhold

    Hva er Minecraft?
    Enkelt fortalt er Minecraft digital Lego. Du kan spele Minecraft på ulike måtar, dei tre mest populære er «survival», «creative» og «adventure». Spelet har blitt eit stort fenomen med over sju millionar spelarar globalt.
    Kjelde: NRKbeta 

    Video-lenker i saken
    Intervju: https://youtu.be/J0v53n9Wnl8
    Minecraft: https://youtu.be/pWFyPpL43xg 

    Med utgangspunkt i teikningane som er publisert av det som skal bli nye Harestad skule og Randaberg kulturscene, har dei bygd heile skulen og kulturscena i Minecraft. Dei har brukt rundt 100 timar til saman på prosjektet, eit arbeid som starta i november i fjor.

    Var det vanskeleg å bygge?

    - Noko var sjølvsagt verre å bygge enn anna, men eigentleg ikkje så veldig vanskeleg. Det kjem vel eigentleg på kor lenge du har spelt Minecraft. Hvis du har spelt dette i eit par år, som vi har gjort, so lærer du eigentleg ganske mykje av reglar og korleis ein skal bygge fine byggverk, seier Fredrik.

    Kva blir det neste prosjektet?

    - Tja, Kongeparken kanskje, seier Vegard etter litt tenketid, og vi vil nok bruke langt fleire timar på Kongeparken enn bygningane vi har bygd her.

    Gutane kan også fortelle at det neste år vil programmering, eller koding, bli eit av valfaga på skulane i kommunen, noko Vegard og Fredrik i alle fall gler seg til. Du kan lese meir om dette valfaget her.

    Sjå Minecraft-videoen her:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?