Er Utstein kommune liv laga?

Vi har spurt fire ordførarar og fylkesmannen om dei største utfordringane med alternativet Utstein kommune.

Innhold

    Vi har spurt dei fire ordførarane og fylkesmannen desse spørsmåla:
    1) Kva er dei største utfordringane med alternativet Utstein kommune?
    2) Trur du det blir noko Utstein kommune?
    Mirjam Ydstebø, ordførar i Kvitsøy kommune
     
    Henrik Halleland, ordførar i Finnøy kommune
     
    Dagny Sunnanå Hausken, ordførar i Rennesøy kommune
     
    Kristine Enger, ordførar i Randaberg kommune
     
    Anfinn Rosnes, prosessrettleiar for Kommunereformen hjå fylkesmannen

    Sidan 29. februar har dei fire Utstein-kommunane gjennomført naboprat for å utarbeide ein felles intensjonsavtale, der målet har vore å etablere ein eventuell ny kommune samansett av dei fire kommunane.

    Onsdag forhandla politikarar i dei fire nabokommunane Kvitsøy, Finnøy, Rennesøy og Randaberg ferdig intensjonsavtalen.

    Grunnlag for endeleg vedtak
    Målet med avtalen er at den skal gje "eit sakleg og tilstrekkeleg grunnlag for politisk avgjerd med omsyn til retning, innbyggarhøyring og endeleg vedtak i dei fire kommunestyra".

    - Utstein er eit godt alternativ
    I etterkant av forhandlingane på Tungenes fyr onsdag, spurte vi dei fire ordførarane og Anfinn Rosnes frå fylkesmannen, om Utstein-alternativet har noko for seg. 

    - Eg har fått eit godt inntrykk av møtet her i dag, sjølv om kommunane kan vere usamd i detaljar, seier  Anfinn Rosnes, prosessrettleiar hjå fylkesmannen, som overvåka møtet på Tungenes fyr.

    - Dei fire kommunane har likevel, slik eg ser det, funne fram til eit felles fundament for å danne Utstein kommune, som både kommunestyra og folket kan godta.

    Klikk på videoane over for å høyre kva ordførarane meiner om Utstein kommune. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?