Døv politikar leia utvalsmøte

Det var historisk i kommunestyresalen mandag kveld, då arbeidarpartipolitikaren Bjarte Bø-Sande, som er døv frå fødselen av, for første gong leia eit politisk utvalsmøte i Randaberg kommune.

Innhold

    Eplet og stammen
    Far til Bjarte Bø-Sande (45), Knut Bø Sande, var ordførar i Randaberg for KrF frå 1982 til 1985.

    Det skal vere første gong at ein døv person har leia eit politisk utvalsmøte i Randaberg, og heller ikkje døveforbundet har høyrt om noko liknande i landet. 

    - Så vidt eg veit, har ingen døve politikarar tidlegare leia eit møte i eit politisk utval, opplyser generalsekretær Bjørn A. Kristiansen i Norges Døveforbund.

    Etter at Anita Egeli (Frp), leiar i råd for mennnesker med nedsatt funksjonsevne (MNF), meldte forfall til siste møtet, var det nestleiar Bjarte Bø-Sande sin tur til å entre leiarstolen.

    MNF

    Korleis var det å leie utvalsmøtet?

    - Eg synest det var veldig spennande, samtidig kjente eg at eg var litt nervøs under møtet. Det er uansett viktig å sette seg godt inn i papira på førehand, forstå kva som står der og forstå formuleringane i teksten.

    - Dette ga meirsmak. Det var spanande og kjekt å leie møtet. Eg kunne absolutt ha gjort det igjen, sa Bjarte Bø-Sande etter å ha skrive seg inn i historiebøkene. 

    Bjarte Bø-Sande i kommunestyresalen Tidleg politisk interesse
    Bjarte Bø-Sande har vore politisk interessert sidan rett før tenåra.

    - Eg var opptatt av kva som skjedde der ute i verda, og etter kvart meir opptatt av kva som skjer både lokalt og nasjonalt – det er nettopp alt politikken handlar om, seier han.

    - Eg ville eigentleg inn i politikken tidleg i livet, men var litt tvilande på grunn av høyreevna mi. Men då eg fekk ein førespurnad frå Randaberg Arbeiderparti i 2014 om å stille til val i 2015, forstod eg at høyreevne tel ingenting der. Eg er glad for at eg sa ja til dette, og vart vald inn i politikken etter kommunevalet 2015. Det er blitt mykje nytt å lære, og det er sikkert bra å kome seg utanfor komfortsona også.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?