Dialogmøte hjå Fylkesmannen

Blir du høyrt? Blir meiningane dine tatt på alvor? Dette var nokre av spørsmåla 60 ungdomar frå heile Rogaland diskuterte med fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa tysdag.

Innhold

    Sju hovudtema
    Ungdomane frå Randaberg meinte desse sju hovudtemaene var dei viktigaste å ta opp med Fylkesmannen:
    1) Barn og unge må bli tatt på alvor
    2) Barn og unge som blir utsatt for overgrep, må få betre hjelp 3) Barn og unge må få god omsorg og støtte
    4) Barn og unge må få ha eit privat liv
    5) Barn og unge må få seie meininga si
    6) Barn og unge må få god utdanning
    7) Barn og unge har rett til god fysisk og psykisk helse 

    Frå Randaberg deltok fire ungdomar, som alle fekk ein spanande og lærerik dag. 

    Bakgrunnen for dialogmøtet med Fylkesmannen, er at det er sett i gang prosjektet Sjumilssteget for god oppvekst i Rogaland. Prosjektet skal syta for at FN sin barnekonvensjon blir tatt på alvor i stat, fylke og kommunar. Rogalandskommunane som er med i prosjektet, har undersøkt korleis dei sikrar rettane til barn og unge. Svara er samla i ein rapport. Tysdag høyrde fylkesmannen kva barn og unge sjølv har svart.

    Konvensjonen er norsk lov
    15 kommunar i Rogaland er nå med i Sjumilssteget. I kommunekartlegginga er det kommunale tilbodet til barn og barnefamiliar analysert – og dette arbeidet skal danna grunnlaget for kvalitetsforbetring og utvikling av nye tiltak. Barnekonvensjonen gjeld som norsk lov, og han skal leggjast til grunn for alt arbeid for og med barn og ungdom. Rettane i konvensjonen understreker barn og unge si rolle som medborgarar i samfunnet, og at ein må lytta til deira erfaringar og synspunkt.

    Ord skal bli til handling
    I dialogmøtet med fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa fekk barn og unge formidla eigne erfaringar og ta opp saker dei er opptatt av, og ikkje minst foreslå løysingar. Rapporten frå dialogmøtet skal brukast til å utvikla ein god barne- og ungdomspolitikk, men han blir også viktig når Fylkesmannen prioriterer arbeidet ut mot kommunane.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?