Breidt samarbeid om demensavtalen

Mandag vart samarbeidsavtalen om Randaberg som eit meir demensvennleg samfunn lansert av ordførar Kristine Enger og Olaug Kvalstad frå Nasjonalforeningen for folkehelse.

Innhold

    Arbeidsgruppa Demensvennleg samfunn
    Arbeidsgruppa for eit meir demensvennleg samfunn i Randaberg, f.v. Reidun Sirevaag, eldrerådet og Randaberg Helselag, Svein Sørnes, Landsbyforeningen, Gudrun Moe, demensforeningen, Silje Rettedal, ergoterapeut i Randaberg kommune, Elisabeth Sortland Sande, fagsjef i Helse og oppvekst, Ole Bernt Lenning, kommuneoverlege i Randaberg kommune. Ikkje til stades: Camilla Svela og Anne Grødem, begge frå Randaberg kommune.
    Elisabeth Moe, koordinator demensvennleg samfunn i Randaberg kommune
    Elisabeth Moe, leiar for arbeidsgruppa.

    Under pressetreffet på kommunehuset i Randaberg deltok også, i tillegg til ordførar og dagleg leiar i nasjonalforeininga, Elisabeth Moe, som er leiar for arbeidsgruppa i Randaberg kommune, og Svein Sørnes, leiar i Randaberg Landsbyforening AS.

    - Det er saman vi kan lukkast, sa ordførar Kristine Enger om det breide samarbeidet som er satt igang i kommunen for å sikre eit enklare tilvære for demenssjuke.

    Samarbeidet mellom nasjonalforeininga og kommunen skal gje hjelp til å tilrettelegge lokalmiljøet, slik at personar med demens lettare kan delta i vanlege kvardagsaktivitetar.

    Randaberg var kommune nr. 34 som gjorde avtale om ein slik avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse.

    - Vil ikkje løyse alt
    - Tiltaket med eit demensvennleg samfunn vil nok ikkje løyse alle problem knytta til det å leve med demens, men det kan vere eit bidrag som gjer det litt lettare for den enkelte å vere ein del av lokalsamfunnet, sa Olaug Kvalstad frå nasjonalforeininga.

    - Målet er å møte personar med demens med forståing og respekt, akkurat som vi møter andre personar, sa Elisabeth Moe, leiar for arbeidsgruppa i Randaberg kommune.

    Kva skal dykk starte med?
    - Vi skal starte med å gje kunnskap. Vi startar med gruppevis opplæring for butikkeigarar og deira tilsette, deretter opplæring for tilsette i biblioteket, på NAV og servicetorget i Randaberg kommune. Vi ser for oss å bruke eigne tilsette i opplæringa, sjølv om vi ikkje har alle detaljane klart for oss her og nå, sa Elisabeth Moe.

    - Vi skal bry oss om kvarandre
    - Min grunntanke er at vi skal bry oss om kvarandre. Og kva kan næringa gjere med dette, spurte Svein Sørnes, leiar for Randaberg Landsbyforeining AS.

    - Vi må klare å skape ein levande landsby, ein landsby der samhandling og samarbeid er berebjelkane. Dette skal ligge i ryggmargen, og då må vi jobbe med å skape endring og å ha dei rette haldningane til dei gode tinga. 

    - Eit demensvennleg samfunn er ein av desse gode tinga, sa Svein Sørnes.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?