Benz og van der Veen er konstituerte

Roman Benz og Åshild Vistnes van der Veen styrer helse-, sosial og barnevernsavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Innhold

    Begge frå Randaberg
    Roman Benz er tidlegare kommuneoverlege i Randaberg kommune, medan Åshild Vistnes van der Veen både er oppvoksen og busett i Den grøne landsbyen.

    I januar blei det klart at Pål Iden gir seg som fylkeslege og går over i ei stilling som assisterande fagdirektør hjå Helse Vest.

    Inntil ein ny fylkeslege er permanent på plass er det Roman Benz og Åshild Vistnes van der Veen som styrer helse-, sosial og barnevernsavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland.

    Stillinga som fylkeslege er nettopp lyst ut.

    Delt ansvar inntil vidare
    Fylkeslegen er også avdelingsdirektør, men i overgangsfasen blir dette ansvaret delt. Åshild Vistnes van der Veen er konstituert avdelingsdirektør, medan Roman Benz er konstituert fylkeslege, med ansvar for alle medisinskfaglege vurderingar.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?