Abri Vekst får leige Randabergfjellet

Rådmann Magne Fjell rår til at det blir laga avtale med Abri Vekst AS (Alfred Ydstebø) om leige av Randabergfjellet til asylmottak.

Innhold

    - Randaberg kommune har fått to gode tilbod på leige av Randabergfjellet til ordinært asylmottak (Abri Vekst AS og WestCare AS, red. anm.). Begge søknadene inneheld gode og grundige skildringar av korleis asylmottaket på Randabergfjellet skal driftast, seier rådmann Magne Fjell. 

    Rådmannen har lagt inn fylgjande føresetnader i ein leigeavtale med Abri Vekst AS:

    • At ABRI Vekst AS får kontrakt med UDI om drift av ordinært asylmottak i Randaberg kommune. 
    • At politikarane godkjenner bruk av Randabergfjellet til ordinært asylmottak.

    - Premissene for leigeavtalen er gjeve i tilbodet frå Abri Vekst, og detaljane i avtalen blir tatt direkte med dei som søkar, avsluttar Magne Fjell.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?